Ytringar og demonstrasjonar
- Nynorsk
- Bokmål
Ytringsfridomen står veldig sterkt i Noreg, og er heilt sentral for demokratiet og for rettsstaten.
Ytringsfridomen er slått fast i grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen. Ytringsfridom betyr at ein kan seie nesten kva som helst, om nesten kva som helst. Ytringsfridomen er likevel ikkje absolutt. Enkelte ytringar kan vere straffbare.
Det er likevel ikkje nok at ei ytring er nedsettande eller provoserande. Det er berre kvalifisert krenkande ytringar, det vil seie grove krenkingar, som kan straffast.
Det er ein relativt vid margin for ytringar som kan opplevast som smaklause, nedsettande eller provoserande, men det går ei grense ved grovt krenkande angrep på enkeltpersonar og minoritetsgrupper som nedvurderer deira menneskeverd.
Lovparagrafen om hatefulle ytringar beskyttar berre personar, og ikkje land, institusjonar eller religionar.
Politiet har ansvar for å verne ytringsfridomen, og skal difor beskytte lovlege ytringar, også når desse blir oppfatta som provoserande eller ubehagelege.
Politiet vil forsøke å gi dei som demonstrerer eller dei som demonstrerer imot, like moglegheiter til å komme med sitt bodskap. Dersom ytringar spreier hat, eller er trugande, kan dei vere straffbare. Då får politiet ei anna rolle knytt til etterforsking.
Politiet skal bidra til å skape ro, orden og tryggleik for publikum. Alle som deltar i ein demonstrasjon pliktar å høyre på dei beskjedane som politiet gir, til dømes om politiet ber nokon trekke seg unna. Å unnlate å høyre på politiet i ei slik situasjon er straffbart.
Meld frå om eit arrangement eller ein demonstrasjon
Har du planar om eit arrangement, demonstrasjon, opptog, ein stand eller liknande på ein offentleg stad, må du melde frå til politiet.