Til deg som er kalla inn som vitne

Du har fått ei innkalling (stevning) til saka fordi partane eller retten meiner du kjenner til noko som kan vere viktig for retten å vite. Du har plikt til å møte opp og forklare deg for retten.

Du må bekrefte at du har mottatt innkallinga

Du må bekrefte at du har mottatt innkallinga sjølv om du meiner at du har gyldig fråvær som hindrar deg i å møte i retten.

Det er retten som avgjer om du har gyldig fråvær

Du kan berre bli friteken frå plikta til å vitne dersom du har gyldig fråvær, og det er berre retten som kan bestemme om du har gyldig fråvær eller ikkje. Avklar dette så tidleg som mogleg med retten dersom du meiner du har gyldig fråvær.

På nettsidene til Noregs domstolar finn du praktisk informasjon om det å vitne i ei rettssak.

Der kan du blant anna lese om:

  • Kva du skal gjere om du blir sjuk, eller om det av andre grunnar er umogleg for deg å møte
  • Kva som skjer før, under og etter at du har forklart deg i retten
  • I kva situasjonar telefon eller videomøte (fjernavhøyr) kan vere aktuelt
  • Korleis du går fram for å få dekt utgifter i samband med oppgåva som vitne

Lurer du på noko meir? Ta kontakt med den parten/advokaten som har ønskt deg som vitne, domstolen eller politiet (i straffesaker). Du finn kontaktinformasjonen i innkallinga.


Hjelp og støtte til deg som skal vitne

Har du blitt kalla inn som vitne i ei rettssak, og er usikker på kva dette betyr? Vitnestøtte er eit tilbod om ein samtalepartnar for deg som skal vitne.

Støttesenter for kriminalitetsutsette har tilbod om vitnestøtte før, under og etter ei rettssak.

Dei fleste domstolar har også vitnestøtter som kan hjelpe deg. Du kan lese meir om vitnestøtte her.

På nettsidene til Noregs domstolar finn du informasjon om kva det inneber å vere tiltalt eller sikta for ei straffbar handling, og kva rettar du har.