Slik gjer du

Om du har gløymt, mista eller fått stole førarkortet ditt, kan du melde det tapt ved å logge deg inn på vegvesen.no. Etter at førarkortet er meldt tapt, kan du skrive ut ein midlertidig køyreløyve.

Det midlertidige køyreløyvet er gyldig i inntil tre månader.

Det er også mogleg å melde førarkortet tapt og få eit midlertidig køyreløyve ved å møte på ein politi- eller trafikkstasjon.

Du må ha med deg gyldig legitimasjon og utskrift av det midlertidige køyreløyvet når du køyrer.

Løyvet er gyldig for køyring i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Du kan søke om nytt førarkort fire veker etter at du har registrert tap av førarkort på vegvesen.no/dinside, eller etter at du har meldt det tapt hos politiet eller på ein trafikkstasjon.

I påvente av at førarkortet blir produsert, får du eit midlertidig førarbevis med éin månads gyldigheit. Du kan skrive ut det midlertidige førarbeviset etter at du har bestilt nytt førarkort på vegvesen.no/dinside. Det blir også sendt til di digitale postkasse.

Du må ha med deg gyldig legitimasjon og utskrift av førarbeviset når du køyrer.

Det midlertidige førarbeviset er berre gyldig i Noreg.