Miste førarretten
- Nynorsk
- Bokmål
Politiet kan kalle tilbake førarretten din dersom du ikkje lenger fyller vegtrafikklova sine krav til helse, køyreevner, vandel eller edruskap.
Helsa di eller evnene dine kan endre seg slik at det ikkje lenger er trygt å la deg køyre. Politiet kan krevje at du går til undersøking hos lege. Politiet kan også krevje at du tek heilt eller delvis ny førarprøve. Du kan miste retten til å køyre dersom legeundersøkinga viser at du ikkje fyller krava til helse. Det kan du også gjere om du ikkje består førarprøva.
I slike tilfelle treng politiet verken samtykke eller rettens avgjerd for å ta førarkortet ditt. Du mister førarkortet på ubestemt tid, heilt til du igjen fyller krava for å ha førarkort.
Korleis kan eg få tilbake førarretten?
Du kan sende søknad til politiet om å få tilbake førarretten når du meiner at du oppfyller krava for å få førarrett. Dersom du ikkje har vore edrueleg, kan dokumentasjon på rusfriheit eller annan dokumentasjon gjere at du raskare kan få tilbake førarretten.
Helsekravet
Dersom førarretten er tatt frå deg fordi du ikkje oppfyller helsekravet, kan du levere helseattest til politiet når fastlegen din vurderer at helsekravet er oppfylt igjen. Ta med gyldig legitimasjon når du møter hos politiet.
Helseattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader. Du kan ikkje føre køyretøy som krev førarkort før politiet har fatta vedtak om dette.