Framleis høg tillit til politiet i Møre og Romsdal
72 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal har svært, eller ganske høg tillit til politiet viser resultatet frå den årlege innbyggarundersøkinga for 2024.
Resultatet er to prosentpoeng høgare enn det nasjonale resultatet på 70 prosent. Det er også det same resultatet som Møre og Romsdal politidistrikt oppnådde i fjorårets undersøking.
– Innbyggjarane sin tillit til politiet er avgjerande for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget vårt. Det er gledeleg at innbyggjarane framleis har høg tillit til det daglege arbeidet vi gjer i politidistriktet, seier politimeister Ingar Bøen.
Resultatet i tillit plasserer Møre og Romsdal politidistrikt på ein delt tredjeplass saman med Øst politidistrikt. Oslo og Trøndelag politidistrikt ligg øvst med eit resultat på høvesvis 74 og 76 prosent.
Føler seg trygge i nærmiljøet
90 prosent av innbyggjarane føler seg svært eller ganske trygge i sitt nærmiljø i Møre og Romsdal. Det er ein nedgang på éin prosent samanlikna med fjorårets resultat, men politidistriktet plasserer seg likevel nedst høgast samanlikna med andre politidistrikt i årets undersøking. Resultat for landssnittet ligg på 87 prosent for 2024.
– Det er gledeleg at kjensla av tryggleik framleis er så høg i Møre og Romsdal. Vi ønskjer å vere synlege, til stades og tilgjengelege i nærmiljøet for å bidra til at innbyggjarane føler seg trygge. Den høge tryggleikskjensla skuldast også truleg innsatsen frå andre lokale aktørar som er med på å sikre at Møre og Romsdal er eit trygt fylke å bu i, seier Bøen.