Hopp til hovedinnhold

Lars Ruud Børnes er ny tenestestadsleiar og politikontakt ved Vanylven politistasjon

Publisert 24. januar 2025 kl. 11:54 av Møre og Romsdal politidistrikt.

Sist oppdatert 24. januar 2025 kl. 11:58.

Han begynte i den nye stillinga i desember i fjor.

Lars Ruud Børnes.

Lars Ruud Børnes.

Foto: Privat.

Lars Ruud Børnes blei uteksaminert frå politihøgskulen i Bodø i 2021, og begynte karrieren som operatør ved operasjonssentralen i Bodø. Han blei tilsett som politibetjent ved Vanylven politistasjon i 2024, og har bakgrunn innan vakt og beredskap, etterforsking og førebyggande arbeid.

– Det er ein fordel å erfare politiarbeidet frå fleire felt for å få ei god heilskapsforståing for politikvardagen. Eg tek med meg alle erfaringar inn i den nyoppretta stillinga som tenestestadsleiar, seier Lars.

Som politikontakt skal Lars ha ein tett dialog med kommunen, og samarbeidet skal kome innbyggjarane til gode, særleg sårbare og utsette grupper.

– Eg ønskjer å vere ei tilgjengeleg politikontakt som har god dialog med innbyggjarane i Vanylven kommune. Saman med kommunen ønskjer eg å ha fokus på førebyggande tiltak som kjem barn og unge til gode, seier han. 

Lars Ruud Børnes er ny tenestestadsleiar og politikontakt ved Vanylven politistasjon - Politiet.no