Politiet si innbyggjarundersøking for 2024
Oppdatert: 17.02.25 | Politidirektoratet
Politiet si innbyggjarundersøking for 2024 viser at tilliten til politiet er relativt stabil og ligg framleis på eit høgt nivå. 70 prosent av dei spurde seier at dei har høg, eller svært høg, tillit. Det er ein nedgang på to prosentpoeng frå året før. Inntrykket av politiet har derimot betra seg sidan 2023 på nesten alle område.