Ny politimeister og visepolitimeister på plass i Vest politidistrikt
Publisert 17. mars 2025 kl. 14:09 av Vest politidistrikt.
Sist oppdatert 17. mars 2025 kl. 14:09.
Måndag 17. mars tok Ane Kvaal til som konstituert politimeister i Vest politidistrikt. Ho blir med det den første kvinnelege politimeisteren på Vestlandet nokon gong.
Kvaal tek over etter Kaare Songstad som er innbeordra til Politidirektoratet (POD) for å leie arbeidet med utvikling og digitalisering av politiet. Han er i første omgang innbeordra til POD i eitt år.
Ny visepolitimeister
Noko av det første Kvaal gjorde som konstituert politimeister var å peike ut sin nye visepolitimeister. Måndag blei det klart at Justis- og beredskapsdepartementet har konstituert Torgeir Haugen som visepolitimeister i Vest i eitt år. Han startar i Vest politidistrikt 31. mars.
- Politiet har ei viktig rolle i samfunnet og folk stoler på at vi tek vare på deira tryggleik. Det er eit oppdrag eg ikkje tek lett på. Verda rundt oss er i endring og vi som etat må ta grep for å tilpasse oss. Vest politidistrikt har eit utruleg godt team frå toppen i leiinga og i alle ledd i organisasjonen. Alt ligg difor til rette for at vi skal få til mykje framover. Ekstra kjekt er det at Torgeir Haugen takka ja til å bli med på laget. Han og eg utfyller kvarandre godt og eg er sikker på at vi blir eit bra leiarteam for politidistriktet, seier politimeister Ane Kvaal.
Bakgrunn:
Ane Kvaal har vore visepolitimeister i Vest politidistrikt i fire år, frå mars 2021, med ei pause i eitt år i 2023 då ho vart beordra inn som prosjektleiar i POD for å anbefale endringar i direktoratets oppgåver, roller og ansvar. Kvaal er utdanna jurist og har delteke på masterprogrammet i forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskole. Ho har lang erfaring frå politiet og har gått gradene frå politiadvokat til påtaleleiar før ho i 2012 vart driftseiningsleiar for Forvaltningseininga i Hordaland politidistrikt og seinare i Felles eining for utlending og forvaltning i Vest politidistrikt. I 2019 blei Kvaal tilsett som seksjonssjef for Grense- og utlendingsseksjonen i POD, kor ho var fram til ho byrja som visepolitimeister i Vest. Ho kan også skilte med erfaring som dommarfullmektig i Fjordane tingrett og har ei rekke oppdrag bak seg som internasjonal valobservatør verda over.
Torgeir Haugen kjem frå stillinga som seksjonssjef i politioperativ seksjon i Politidirektoratet. Han gjekk ut frå Politihøgskolen i 1998 og var åtte år i Beredskapstroppen før han dro eitt år til Kosovo som politibetjent i FNs innsats der. Tilbake i Noreg gjekk han over til Statens Vegvesen som leiar på ulike nivå og fekk gjennom det seks års erfaring frå ein annan organisasjon. Dette har kommet godt med etter at han i 2015 kom han tilbake til politiet, først som fagansvarleg for nasjonale beredskapsressursar i to år og deretter som prosjektleiar knytta til bygginga av politiets nye nasjonale beredskapssenter på Taraldrud. I 2020 blei han programeigar for implementeringa av EU informasjonssystemer (EUIS) i politiet og har dei to siste åra hatt ansvaret for å sette rammar for politiets operative mannskap og innsatspersonell som seksjonssjef på politioperativ seksjon i POD.