Portrettbilde av assisterende politidirektør Håkon Skulstad

Håkon Skulstad

Stilling
assisterende direktør
Enhet
Politidirektoratet
Ansvarsområde
Assisterende politidirektør

Håkon Skulstad har vore assisterande politidirektør sidan februar 2017. Skulstad har brei fagleg bakgrunn frå politiet, både som polititenestemann og som påtalejurist. I tillegg har han tung leiarerfaring frå høgste nivå i politiet.

Skulstad er cand. jur frå Universitetet i Oslo frå 1993, og har innehatt fleire stillingar i politi- og lensmannsetaten.

Frå 2011 til 2014 var han rektor hjå Politihøgskulen, og i perioden 2006 - 2011 var han politimester i Østfinnmark politidistrikt. Skulstad har òg erfaring frå Justisdepartementet, kor han i perioden 2002 - 2006 var avdelingsdirektør for politiavdelinga. Vidare har Skulstad vore statsadvokat, konstituert førstestatsadvokat hjå Økokrim, og assisterande sjef og konstituert sjef i Kripos.