Fullmakt til å representere deg i utlendingssaker
Du kan få nokon andre til å kontakte Politiet si utlendingseining for deg. Viss personen ikkje er advokat, må du gi han eller ho skriftleg fullmakt. Sjå forvaltingslova § 12 fjerde ledd for meir informasjon. Personen kan til dømes vere arbeidsgivaren din, eit familiemedlem eller ein annan person du stolar på.
Kva inneber det å gi nokon ei fullmakt?
Viss du gir nokon ei fullmakt, kan denne personen
- kontakte Politiet si utlendingseining (PU) og snakke med oss på dine vegner
- få innsyn i sakene dine som blir behandla hos PU
- bli kontakta av PU om ting som gjeld saka di
Du vel sjølv kor mange av desse punkta fullmakta skal gjelde. Viss du gir nokon fullmakt, er det denne personen som vil bli kontakta. Vi kontaktar ikkje deg. Fullmektigen skal halde deg orientert.
Slik gir du nokon fullmakt
- Fyll ut fullmaktsskjemaet. Hugs underskrift.
- Ta kopi av pass (sida med personlege opplysingar og underskrift). Du kan også bruke annan godkjend legitimasjon der underskrifta er synleg.
- Send fullmakta med vedlegg til postadressa vår: Politiet si utlendingseining, Postboks 2095 Vika, 0125 Oslo.