Blir du brakt inn etter politilova (ved forstyrring av ro og orden eller lovleg ferdsel, offentleg rus, uklar identitet osv.) og sett i politiarrest, har du visse plikter og rettar.

Informasjon om grunnen til at du er brakt inn

Du har krav på å få vite kva som er grunnen til at du er brakt inn.

Plikt til å oppgi personalia

Du har plikt til å oppgi namn, fødselsdato, stilling og adresse når politiet ber om det.

Bistand frå tolk

Politiet skal sørgje for tolk dersom dette er nødvendig.

Helsetilsyn

Før du blir sett i arresten, skal politiet vurdere ditt behov for helsehjelp. Om politiet finn det nødvendig med helsetilsyn, skal dei sørgje for at du får det.

Visitasjon / personlege eigendelar

Når du blir brakt inn, kan politiet visitere deg. Pengar, verdisaker som mobiltelefon, rusmiddel / bedøvande middel og gjenstandar eigna til å påføre deg sjølv eller andre skade, vil bli tatt frå deg. Eigendelar skal tilbakeleverast ved lauslating. Dette gjeld likevel ikkje alkohol eller gjenstandar som politiet har eit lovmessig grunnlag for å halde tilbake.

Varsel til pårørande / militær avdeling

Er du under 18 år, har politiet plikt til å varsle foreldra dine/føresette om at du er brakt inn. Er du over 18 år, kan du be politiet varsle pårørande eller andre du ønskjer å informere. Dette skal gjerast så snart det er praktisk mogleg. Dersom du gjer teneste i militæret, skal politiet varsle din næraste militære overordna.

Varsel til ambassade

Er du utanlandsk statsborgar, har du rett til å få varsla ambassaden eller det konsulære kontoret til landet ditt. Politiet skal i så fall sørgje for slik underretning.

Kontakt med advokat

Du kan be om at politiet varslar ein advokat så snart det er praktisk mogleg. Du må sjølv dekkje utgifter til advokat.

Varsel til pårørande og ambassade

  • Du har som regel rett til å få varsla dei du bur saman med eller ein annan du peikar ut, seinast to timar etter at du blei ført inn til politistasjonen eller lensmannskontoret.
  • Politiet kan likevel utsetje varslinga dersom det kan vere til vesentleg skade for etterforskinga av saka.
  • Er du under 18 år, vil politiet vanlegvis varsle familien din uavhengig av ønsket ditt.
  • Er du utanlandsk statsborgar, har du rett til å varsle ambassaden eller konsulatet til landet ditt om at du er pågripen.

Kontakt med advokat

  • Du har rett til å kontakte ein advokat om at du er pågripen, seinast to timar etter at du blei ført inn til politistasjonen eller lensmannskontoret.
  • Du har rett til sjølv å velje kva advokat du vil varsle.

Forklaring til politiet

  • Du har plikt til å oppgi namn, fødselsdato, fødselsår, stilling og bustad når politiet ber om det. Utover dette har du ikkje plikt til å forklare deg for politiet.
  • Du kan nekte å forklare deg heilt eller berre forklare deg om enkelte spørsmål.

Framstilling for retten

  • Blir du ikkje lauslaten, må politiet snarast mogleg og seinast den tredje dagen etter pågripinga la ein dommar ta stilling til om du framleis skal vere fengsla.
  • Vanlegvis vil du bli framstilt for ein dommar dagen etter at du blei pågripen.

Madrass og teppe i politiarresten

  • Du har rett til å få ei rein madrass og teppe dersom du må vere i politiarresten over natta.
  • Dersom politiet meiner det kan innebere ein sikkerheitsrisiko for deg at du får madrass og teppe, kan dei utsetje å gi deg dette.

Helsetilsyn i politiarresten

  • Du har rett til å ta kontakt med helsepersonell seinast to timar etter at du blei ført inn til politistasjonen eller lensmannskontoret.
  • Ringer du sjølv til helsepersonell, har politiet rett til å kontrollere at det er dei som svarar på telefonen. Deretter har du rett til å samtale direkte med helsepersonellet utan å bli kontrollert.