Bilbelte er det viktigaste tryggleiksutstyret i bil. Bilbelte til sikring av personar skal brukast der det er montert.

Om du brukar bilbelte, har du om lag 50 prosent mindre risiko for å bli drepen i trafikken. For passasjerar i framsetet er risikoen 45 prosent. For passasjerar i baksetet er den 25 prosent.

Politiet kontrollerer bruk av bilbelte.

Brukar du ikkje bilbelte, vil du få eit gebyr. Det gjeld òg for passasjerar som har fylt 15 år.

Kva skjer om born under 15 år ikkje er sikra? Då vil førar av bilen få eit forenkla førelegg (bot) og prikkar i førarkortet.

Les meir:

Barn som er lågare enn 150 cm, skal bruke godkjent sikringsutstyr som er tilpassa barnet. Dette skal dei bruke der bilbeltet er montert. Barnet kan òg bruke slikt utstyr saman med vanleg bilbelte. Der det ikkje finst godkjent barnesikringsutstyr, kan barn under 150 cm og over 135 cm bruke ordinært bilbelte.

Barn som er lågare enn 135 cm, skal sikrast med sikringsutstyr som er tilpassa barnets vekt. Sjåføren har ansvaret for at barn under 15 år er lovleg sikra. Sjåføren vil få førelegg (bot) og to prikkar om vedkomande blir tatt i ein kontroll. Førar med prøveperiode får fire prikkar.

Ein usikra eller feilsikra person kan bli alvorleg skadd sjølv om farten er låg. Det er derfor viktig alltid å sikre barn og vaksne. Dette gjeld òg på korte turar, til dømes til barnehage eller skule.

Slik vel du riktig sikringsutstyr

Sikringsutstyret til barnet er delt inn etter vekta på barnet. Det er svært viktig å følgje brukarrettleiinga nøye. Dermed sikrar du at barnestolen er riktig montert i bilen. Be gjerne om hjelp i butikken der du kjøper utstyret. Dei kan hjelpe deg med å montere barnestolen. Skal du kjøpe ein brukt barnestol? Då bør han ikkje vere eldre enn fem år. Du må vite at han ikkje har vore utsett for ein kollisjon.

Det er tilrådd at barn sit vendt bakover så lenge som mogleg.

Les meir:

Du skal ikkje bruke mobiltelefon når du køyrer. Det gjer deg mindre merksam på bilkøyringa.

Du kan likevel bruke mobiltelefonen under køyring til å starte opp, gjennomføre eller avslutte ein samtale når mobiltelefonen er handfri eller plassert i ein haldar. Haldaren skal vere forsvarleg montert ikkje langt unna rattet. Han skal òg vere så nær sjåførens synsfelt under køyring som mogleg. Haldaren kan òg vere ein del av køyretøyets originale innreiing.

Blir du tatt for ulovleg bruk av mobilen, vil du få eit forenkla førelegg og tre prikkar. Førar med prøveperiode får seks prikkar.

Les meir:

15. juni 2022 kom det nye og strengare reglar for bruk av elsparkesykkel.

Den alminnelege promillegrensa på 0,2 gjeld òg for ruspåverka køyring med små elektriske køyretøy. Aldersgrensa for å køyre elsparkesykkel er 12 år. Det er påbod om at barn under 15 år skal bruke hjelm. Små elektriske køyretøy er omklassifisert frå «sykkel» til «motorvogn».

Les meir på vegvesenet.no

Ein firehjuling kan vere registrert som moped, motorsykkel eller traktor.

I vognkortet finn du informasjon om kva køyretøyet er registrert som. Du må ha ulike førarkortklassar for å kunne køyre ein firehjuling.

Som sjåfør er det ditt ansvar å sjekke om du har lov til å føre køyretøyet. Er du i tvil? Ta kontakt med din lokale trafikkstasjon ved Statens vegvesen.

Kva seier lova?

Politiet prioriterer kontroll av strekningar der det skjer mange ulykker.

Metodane politiet nyttar for å kontrollere fart er:

  • Stasjonære og mobile fartskontrollar med sivile og uniformerte patruljar
  • Automatisk trafikkontroll (ATK) ved bruk av fotoboksar

Ønsker du at politiet gjer ein fartskontroll?

Meir om politiet sitt trafikkarbeid