Kvar går grensa?
- Nynorsk
- Bokmål
«Kvar går grensa?» er eit undervisingsopplegg utarbeidd av politiet. Det handlar om nettmobbing og nettvett.
Målet med undervisingsopplegget er å gje barna (5.-7.klasse) ei forståing av grensesetting, både når det gjeld mobbing og kva som bryt lova, og å gje nokre råd om korleis dei kan ferdast tryggare på nettet.
Digital mobbing og nettvett
I undervisingsopplegget skjer nettmobbinga gjennom Smash or pass-kontoar (også kalla "Hot or Not", der brukaren skal vurdere om dei likar personen på biletet eller ikkje) og Shipping-kontoar (der to personar 'shippast', altså blir sett saman som eit fiktivt kjærastepar).
Dette kan vere populært for unge å delta på og kan sjå ut som uskuldig moro. Mange tenker ikkje over at dette kan vere mobbing.
Bakgrunn og rettleiing
Politiets nettpatruljar har over tid erfart at unge tek kontakt og ber om hjelp fordi dei føler seg uthengt eller mobba i sosiale medium.
Det finnast mange ulike utfordringar, men ofte blir falske/anonyme/ikkje identifiserbare profilar nytta for å henge ut unge på sosiale medium. Dei som står bak profilen er ofte ungdommar som anten har lite kunnskap om kva dette kan gjere med dei som blir hengde ut, eller dei ønskjer medvite å skape eit omdømmetap for andre. Personen bak profilen kan ta bilete av vedkommande utan samtykke, eller bruke bilete henta frå andre eller frå vedkommande sine sosiale medium. Felles for desse er at det manglar samtykke. Kanskje veit dei heller ikkje at det kan vere straffbart. Likevel er mange av dei involverte under 15 år og kan difor ikkje straffast.
Målet med undervisningsopplegget er å skape auka medvit blant dei unge om temaet.
Forventa tid til gjennomgang er 60 - 90 minutt. Det er ein fordel å gjennomføra alt i ein bolk.
Undervisingsopplegget startar med ei innleiing frå politiet før sjølve filmen startar. Filmen er delt inn i fire kapittel. Etter kvart kapittel skal elevane diskutere det dei nettopp har sett og om dei meiner det kryssar ei grense.
Skjermen blir svart etter avslutta kapittel og spørsmåla kjem opp. Då set du filmen på pause og opnar opp for diskusjon i klassen.
I videoen vil du finne diskusjonspunkt og spørsmål som du kan stille klassen for å setje i gang diskusjonen.
Vi vil gjerne anbefale IGP-gjennomføring (Individ, Gruppe, Plenum). Då kan den enkelte først tenkje sjølv, deretter diskutere med ein annan (læringsven) og til slutt dele dette i plenum. Jo fleire i klassen som snakkar, desto fleire perspektiv kan alle lære av.
Etter å ha sett 4 videoklipp og diskutert 4 tema, kan siste del av videoen spelast av.
Målet med undervisningsopplegget er å skape auka medvit blant dei unge om temaet. I undervisningsopplegget blir det snakka om “Shipping-kontoar” eller “hot or not”. Dette er berre nokre namn som blir nytta for å beskrive fenomenet. Målet med undervisningsopplegget er å skape auka medvit blant dei unge, uavhengig av kva namn som blir nytta på fenomenet.