Ny assisterande politidirektør utnemnd
I dag vart Lars Erik Alfheim utnemnd til assisterande politidirektør av Kongen i Statsråd.
Lars Erik Alfheim kjem frå stillinga som embetsleiar i Oslo statsadvokatembeter, ei stilling han har hatt sidan 2020.
— Alfheim er utviklingsorientert og han har ein brei, fagleg bakgrunn. Dette er viktig i den tida politiet står i, der vi mellom anna jobbar med ei heilskapleg digitalisering av etaten og skal endre måten vi løyser oppgåvene våre på. Han har også ei rekkje sterke personlege eigenskapar som er viktige i den rolla han skal tre inn i no. Spesielt har han utmerka kommunikasjonseigenskapar, som eg ser på som viktig, seier politidirektør Håkon Skulstad.
Den nye assisterande politidirektøren har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo og har jobba i politiet, Forsvaret og i privat sektor.
— Eg gleder meg til å begynne i jobben som assisterande politidirektør. Norsk politi gjer ein formidabel innsats for samfunnet. Vi lever i ei spennande tid, med mange utfordringar. Eg ser fram til å få vere med på å vidareutvikle politiet slik at vi også møter morgondagen på en god måte, seier Alfheim.
Stillinga som assisterande politidirektør er eit åremål på seks år. Det er enno ikkje klart når Alfheim vil tiltre.